Valkampen er starta. Profilering og det å vea synleg fram til valdagen er viktig. Framstegspartiet har mellom anna valt ei løysing med bilhengar med logo og informasjon på fire sider. Tove Lill Lakselv frå Uskedalen ( nr. 3 på lista ) fortel til uskedalen.no at hengaren tilhøyrer Sunde Prosjektutvikling og er på utlån i valkampen. Partiet har faktisk ein hengar til med dei same bileta, men med ulike tekstar. Tanken er at bilhengaren skal flyttast rundt i kommunen for å synleggjera FrP sin politikk og gjera veljarane merksame på kva partiet står for. Foto og foliering er gjort av Roy Vaulen. Fargekoder og logo er frå FrP sin offisielle mal. Hengaren står for tida på Brekketoppen i Uskedalen. Vi spør: Kva gjer dei andre partia med profilering i valkampen ? NB: Uskedalen.no skriv gjerne om politikk, men det skal ha ein relasjon til Uskedalen, anten det går på sak eller listekandidatar.

PrP med synleg profilering i valkampen. Tove Lill Lakselv ( nr. 2 f.v. ) frå Uskedalen er nr. 3 på lista.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal