Det vart ikkje noko presteinnsetjing i kyrkja kveld. Grunna sjukdom måtte Kjetil Kriglebotten melda forfall og innsetjingsmarkeringa er utsett. Lysmessa gjekk etter oppsett plan. Sokneprest i Husnes, Valen og Holmedal, Åse Selsvold, var vikarprest og gjennomførte gudstenesta saman med organist Marit Lindekleiv på ein perfekt måte. Dei 12 konfirmantane var med i liturgien med tekstlesing, bøn og tenning av adventslys og den sjuarma lysestaken. Leiar i soknerådet, Eli Roseth Eik, orienterte om soknet sitt misjonsprosjekt og barneheimsarbeid i Umred i India.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal