Vaffelsøndag i Vonheim
Søndag 20.september 2026, kl 12.30 – 16.30
då er det klart for året sin siste vaffelsøndag i Vonheim.
Velkomne opp i dalen – til ein kopp kaffi (eller fleire), nysteikte fløyte-vafler og kaker !
Skulemuseet vert ope, så då kan dåke også rusle bort dit og kikke innom.
Og i parken rundt skulemuseet er det fint å sleppe ungane fri til å springe rundt og leike seg 😊
Velkomne !
Tekst, foto og nett: Møyfrid Einang Kristoffersen