Det vert ny VAFFEL-SØNDAG i Vonheim – oppi dalen i Uskedalen, på f.k. søndag (8.10.23) klokka 11.30 til 15.30. Nysteikte vafler, kaffi, saft og kaker vert servert. Og du kan nyta dette, anten inne i Vonheim eller du kan ta det med bort i parken ved Skulemuseet, som ligg like ved. Om du ynskjer å kikka innom i Skulemuseet, så er det også mogeleg. Det er utruleg kjekt å sjå korleis skulestovene var før i tida. Og særleg for ungane, så er dette eit rom og område som skil seg mykje frå det som er dagens skule. På skuleplassen/parken rundt museet, er det kjekt å leika – t.d. “Anti-over”, over taket på den gamle utedoen. Det skal bli fint ver på søndag. Haustfargane byrjar å koma på dei store flotte trea på området. Så VELKOMNE til ei koseleg stund PÅ DALEN .

Gamleskulen med dei to vakre benkene.
Tekst: Møyfrid Kristoffersen
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal