Dette er den siste etterlysinga. Eg mangla opplysningar om 59 personar då eg la ut den første. No er talet 46 personar. Det har med andre ord vore til god hjelp å leggja ut desse etterlysingane. Eg vonar at nokon kan ha opplysningar om desse siste 11.Biletet denne gongen er teke i nasjonalparken Badlands i Sør Dakota i september 2019.

Knut Olaj Olavsson Fet bruk 2, Fet øvre, f. 26.03.1880, utvandra i 1903. Foreldre: Olav Andersson og Helga Jonsdotter. Gudmund Kristoffer Olavsson Fet bruk 2 , Fet øvre, f. 05.01.1878 , utvandra i 1903. Foreldre: Olav Andersson og Helga Jonsdotter. Desse to var brør.

Øyvind Johannesson Fet, Husm.pl. Asalehaugen, Fet øvref. 1906, utvandra i 1924. Foreldre: Johannes Helgesson og Marta Malena Larsdotter Myre.

Ingeborg Larsdotter Skorpen , bruk 1, “oppe i Skorpo”, f. 12.10.1868 , utvandra i 1889. Foreldre: Lars Haktorsson og Guro Pedersdotter Øye.

Anna Larsdotter Fet bruk 1, Fet øvre , f. ukjent år , utvandra i 1866. Foreldre: Eg finn ingen på Fet som kan vera foreldra til Anna.

Jens Severin Sørensson Skorpen, f. 21.07.1867, utvandra i 1883. Han utvandra saman med foreldra og sysken. Det er berre han av borna eg manglar opplysningar om. Foreldre: Søren Hallvardsson Skorpen og Katrine Hansdotter Haugland.

Richard Richardsson Eik, bruk 1 , Eik, f. 26.11.1851 , utvandra ukjent år. Foreldre: Richard Pedersson Eik og Brita Samsonsdotter Eik.

Jens Jensson Eik, bruk 3 , Eik, f. 08.06.1858 , utvandra i 18. Foreldre: Jens Torkjelsson Sunde og Engel Samsonsdotter Eik.

Ole Johan Olavsson Eik, bruk 2 , Eik, 1866, utvandra i 1885. Foreldre: Ingen personar som høver på Eik. Dette er truleg ei feilskriving i Emigrantarkivet.

Sella Bjørnesdotter Steinsletten, bruk 1 , Steinsletto, f. 23.07.1857, utvandra i 1881. Foreldre: Bjørne Bjørnesson Steinsletten og Sella Jonsdotter Nes.

Samson Bjørnesson Steinsletten, bruk 2 , Steinsletto, f. 27.08.1890, utvandra i 1910.Foreldre: Bjørne Samsonsson Steinsletten og Gjertrud Hansdotter Onarheim.

Dersom du har informasjon, ta direkte kontakt med Torkel Stensletten eller via Uskedal Historielag ( sjå Facebook )

Tekst/foto: Torkel Stensletten
Nett: Kristian Bringedal