Uskedal historielag har ei stund arbeidd med å dokumentera utvandringa frå Uskedalen til Amerika. Det er Torkel Stensletten sitt prosjekt. Dei aller fleste har han no funne opplysningar om, og mykje av skrivearbeidet er gjort. Men Torkel har 59 personar der han berre finn data om utreisa. Han treng difor hjelp til å finna ut meir om desse. Kanskje har nokon kjennskap til dei det gjeld. Torkel legg ut bolkar med 10 namn, slik at det ikkje vert for mange om gongen. Det kan vel tykkjast at 59 er mange, men det er likevel få i høve til alle som han har på lista. Den tel om lag 436 namn.

Torkel Stensletten jobbar med eit stort og omfattande lokalhistorisk projekt – utvandringa frå Uskedalen til Amerika.

Etterlysning nr. 1.

Ingerid Mathiasdotter Josnes bruk 2, f. 17.02.1860, utvandra i 1891. Foreldre: Mattis Sveinsson og Ingrid Torbjørnsdotter Snilstveit.

Hans Farteinsson Vollen, f. 26.06.1843, utvandra ukjent år. Foreldre: Fartein Kristensson og Sofie Hansdotter Haugland.

Fartein Kristensson Vollen, f. 19.07.1866, utvandra ukjent år. Foreldre: Kristen Farteinsson og Johanna Olsdotter Fet.

Gjert Gjertsson Myklebust, bruk 9, f. 14.10.1825, utvandra i 1849. Foreldre: Gjert Haraldsson og Kari Torbjørnsdotter.

Peder Pedersson Myklebust, bruk 41 Skorhaug, f. 1835, utvandra i 1853. Foreldre: Peder Pedersson og Bol Hallvardsdotter Geitebu.

Samson Anderson Nerhus f. 03.02.1852, utvandra i 1862 Christiane Andersdotter Nerhus, f. 21.02.1854, utvandra i 1862 Eli Andersdotter Nerhus, f. 21.06.1858, utvandra i 1862 Lisbeth Andersdotter Nerhus, f. 09.05.1861. Foreldre: Anders Olsson Nerhus og Ragnhild Gabrielsdotter MyklebustHo kom frå bruk 24 Nausthaugen. Heile familien utvandra i 1862. Torkel fortel at han har kontroll på dei andre i huslyden, men desse fire borna har han ikkje funne noko om. Dei bruka truleg Anderson til etternamn, men eldste broren Gabriel, som Torkel har funne opplysningar om, brukte først Oleson og sidan Anderson.

Dei som har informasjon, kan ta kontakt med Torkel Stensletten via Messenger eller via Uskedal Historielag. Sjå Facebooksida til historielaget.

Tekst: Torkel Stensletten
Foto: Illustrasjonsfoto/ privat
Nett: Kristian Bringedal