I den 4. etterlysinga er det personar frå Musland og Fjellandsbøle Torkel Stensletten søkjer informasjon om. Fleire av desse personane kan vera skrivne inn i emigrantprotokollane med feil mellomnamn og i eitt tilfelle med feil førenamn og eitt med mogeleg feil etternamn. Torkel treng litt hjelp til å finna ut av dette.Han har fått tilbakemeldingar om nokre av dei som er etterlyst tidlegare, og opplysningar om personar som han ikkje visste om frå før. Om fleire av desse er det mykje interessant å fortelja. Bilete på topp syner eit typisk farmlandskap i Minnesota. Les meir om kva Torkel etterlyser:

Johanna Margrete Pedersdotter Musland, Husm.plass Heio, f. 21.09.1849, utvandra ukj. år. Foreldre: Peder Pedersson og Johanna Hansdotter Kjerland.

Johan Sivertsson Undheim, Husm.plass Heio, f. 27.05.1872, utvandra ukj. år. Son til Johanna. Foreldre: Johanna Margrete Pedersdotter og Sivert Pedersson Undheim.

Torgeir Torgeirsson Musland, bruk 1 Musland Nedre, f. 1832, utvandra ukj. år.Her er det noko som er uklart. Det er ingen Torgeir fødd på Musland det året i fylgje kyrkjeboka. Det eg finn, er Torgeir Torgeirsson Døssland frå bruk 1 Døssland nedre. Han var fødd 21. april 1832 og utvandra i mai 1852 saman med Johannes Johannsson Døssland som kom frå bruk 1 Døssland øvre. Eg finn ikkje noko om Torgeir i Amerika, men Johannes har vi mykje kunnskap om. Foreldra til Togeir Torgeirsson Døssland var: Torgeir Isaksson og Cecilia Johnsdotter Kjerland.

Olav Johannesen Musland, Husm.plass Hålo, Musland Nedre, f. 03.03.1854, utvandra 1865. Han er den einaste i syskenflokken som utvandra eg ikkje finn noko om. Foreldre: Johannes Jensson Sandvik og Kari Helgsdotter Gjerde.

Johannes Ivarsson Musland, , f. 1857, utvandra 1875. Finn ikkje data om han. I Emigrantarkivet står Johannes oppført med mellomnamnet Ivarsson. Den einaste som er registrert i kyrkjeboka med namnet Johannes Musland i 1855 er Johannes Jensson Musland. Kyrkjeboka har registrert foreldre: Jens Jensson og Kristi Tomasdotter Musland. Dei budde på bruk 2 Kalvatre, Musland øvre.

Ingeborg Ivarsdotter Musland, , f. 24.03.1853, utvandra 1876. I Emigrantarkivet står Ingeborg innført med mellomnamnet Iversdatter. Det må vera feil. I kyrkjeboka finn vi berre Ingeborg Jensdotter, og det er også namnet som er ført inn i kyrkjeboka ved utvandringa i 1876. Det er likevel noko merkeleg med dåpsinnføringa i kyrkjeboka for 1853. Der står det Ingeborg Jensdotter. Folreldre: Niels Jørgensen og Sella Togeirsdotter. I fylgje Gards- og ættesoga Kvinnherad 3, er foreldra Jens Torgeirsson og Sesilia Torgeirsdotter på bruk 1 Musland nedre. Her er det noko som ikkje stemmer. Eg har ikkje greidd å finna at det var nokon som heitte Ivar på Musland. Emigrantarkivet har registrert at både Johannes og Ingeborg kom frå Kvinnherad, så det kan ikkje vera Musland frå andre stader i Noreg.

Johannes Jensson Musland, bruk 2 Kalvatræ, Musland øvre, f. 10.07.1855, utvandra ukj. år. Foreldre: Jens Jensson Øye og Kari Tomasdotter Musland. Er dette same mann som vert kalla Johannes Ivarsson Musland ovanfor?

Jon Johannesson Musland, bruk 4 Musland Øvre, f. 25.04.1882, utvandra 1902. Foreldre: Johannes Paulsson Musland og Britanna Jonsdotter Fjellandsbøle.

Brita Paulsdotter Fjellandsbøle, , f..1852, utvandra 1876. I Emigrantarkivet står det Petra Paulsdatter Fjellandsbøle. Men det er ingen med det namnet som har emigrert frå Fjellandsbøle. Ei som er fødd i 1852 og som utvandra i 1876, er Brita Paulsdotter Fjellandsbøle. Her er det truleg ei feilskriving i Emigrantarkivet. Foreldre: Paul Nilsson Berge og Brita Johannesdotter Fjellandsbøle.

Ta kontakt direkte med Torkel Stensletten eller via Uskedal historielag.

Tekst/foto: Torkel Stensletten
Nett: Kristian Bringedal