Torkel Stensletten jobbar vidar med ei fullstending liste over alle frå Uskedalen som utvandra til Amerika. Oversikten vil ha med bakgrunn og biografisk informasjon om kvar slekt. I etterlysnig nr. 2 er det personar frå Myklebust-gardane han treng informasjon om. Den første etterlysninga gav ikkje den heilt store responsen, men han har fått inn litt som ein kan arbeida vidare med. Då er det naturleg at denne etterlysinga vert illustrert med eit bilete som er teke av Chris. P. Myklebust. Biletet er frå eit prospektkort som han fekk laga og selde. Torkel kom over det på Internett i fjor og kjøpte det frå ein forhandlar i Des Moines. Kortet var poststempla i Eagle Grove 6. juli 1906, byen der Chris. P. budde, og var sendt til ei dame i Indiana. Portoen var 1 cent. Motivet er frå Boone River som renn like ved Eagle Grove.

Foto av Chris. P. Myklebust

Boel Pedersdotter Møklebust, bruk 41 Skorhaug, f. 18.08.1847, utvandra i 1872. Foreldre: Peder Pedersson og Bol Hallvardsdotter Geitebu.NB. Boel er ikkje teken med i Gards- og ættesoga Kvinnherad 3. Ho er syster til Peder Pederson som vart etterlyst i førre bolken.

Synneva Haraldsdotter Møklebust, bruk 23 Plasset, f. 1854, utvandra i 1881.Foreldre: Harald Bergesson og Johanna Olsdotter Kjerland.

Knut Bertelson Møklebust , f. 15.12.1856, utvandra i 1882. Foreldre: Bertel Knutsson og Mari Hansdotter.

Gjert Sørenson Møklebust , bruk 1 Myro, f. 27.07.1855, utvandra i 1883. Foreldre: Søren Torgeirsson Døssland og Kristi Gjertsdotter. Bol Jensdotter Møklebust (f. Storekre), kona til Gjert, f. 23.02.1856, utvandra i 1883. Foreldre: Jens Jenson og Alis Pedersdotter Myre. (Bruk 2 Storekre.)

Kriti Gjertsdotter Møklebust , bruk 1 Myro, f. 25.08.1872, utvandra i 1883 saman med foreldra. Foreldre: Gjert Sørenson og Bol Jensdotter.

Ole Severin Torgeirsson Myklebust , bruk 3 Myro, f. 22.12.1871, utvandra i 1889.Foreldre: Torgeir Olsson Døssland og Akselina Davidea Johannesdotter Vikedal.

Maren Alette Haraldsdotter Myklebust , bruk 22 Nybø og Rabben, f. 08.08.1872, utvandra i 1892. Foreldre: Harald Olsson og Marta Johannesdotter Vikedal.

Olav Sverre Larsson Myklebust , bruk 17, f. 01.01.1905 , utvandra ?.Foreldre: Lars Johan Torgeirsson og Oline Gjertsdotter Dønhaug.

Bertel Torsson Myklebust , bruk 15, f. 28.05.1899, utvandra i 1929.Foreldre: Tor Samsonsson Myklebust og Brita Bertelsdotter.

Torkel Stensletten har alt motteke merknader til nokre av desse namn, på Facebook Uskedal Historielag. Dersom du har informasjon, ta kontakt med Torkel på Messanger eller via Historielaget.

Tekst: Torkel Stensletten/ Kristian Bringedal
Foto: Chris. P. Myklebust - arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal