Anbjørn Høivik og sønene Ingar og Sivert hadde, det dei kallar, ei utomjordisk oppleving med Rammstein. Med billettar til feuerzone stod dei midt i flammehavet. Det var konfetti, pyro og fyrverkeri for alle penga. Sjølv om regien var stram, leverte bandet ei utomjordisk oppleving til sjuar på terningen. Anbjørn fortel til uskedalen.no at konserten var symboltung industrimetall med islett av allsang på tysk og 60.000 mobilblitzar i balladen. Prikken over i’en var då ein totalt framand sunnmøring spanderte øl på Anbjørn. Då skjønar alle at stemninga var maksimalt god.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Anbjørn Høivik