Utlysing av kulturstipend og kulturpris. Søknadsfrist 1. oktober.
Kvinnherad kommune gjer kjent at det er tid for søknad om kulturstipend og kulturpris for 2024. Begge tiltaka har søknadsfrist 1. oktober. Les meir om kva dette er for noko:
- Kulturstipend vert delt ut til einskildpersonar innan kunstnarisk og kreativ aktivitet. Stipendet skal vera eit verkemiddel for personleg utvikling og kompetanseheving. Stipendet skal stimulera til nyskaping innan fagfeltet. Stipendet kan nyttast til konkrete tiltak eller utdanning, også til innkjøp av naudsynt utstyr.
- Kulturprisen vert delt ut til einskildperson eller lag/organisasjon for særleg fortenestefull friviljug innsats for kulturlivet i Kvinnherad, også for aktivt kulturarbeid over lengre tid. Kulturprisen er ein dråpe i krystall designa og laga på Hadeland Glasverk. Kaare Skaala hadde i si tid ideen til dråpen.
Skriftleg søknad skal sendast til post@kvinnherad.kommune.no
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal