Uskedalen må vera ein populær plass å bu, også for dei som leiger hus og/eller leileghter. Uskedalen.no har spurt nokre av dei som driv utleige om interessa. Straks eit utleigeobjekt er gjort kjend, er interessa stor og det går som oftast ikkje lang tid før husvære er utleigd.

Det siste som ligg ute no, er Uskedalsvegen 512 og 510, i bygget som lokalt er kjend som Mollobygget. ( Sjå bilete på topp ). Her er det ledig to leilegheter, ei i underetasjen og ei i 1. etasje. I underetasjen er det ledig leileghet med 1 soverom, møblert, til kr. 6.000,- pr. månad pluss straum. I 1. etasje er det ledig leileghet med 3 soverom frå 1. oktober. Leiga er kr. 8.000,- pluss straum. Umøblert. Utleigar kan møblera. Kontakt Elin Stene ( elingalleri@gmail.com ) eller SMS til 911 47 905.

Utleigeobjekt i Uskedalsvegen 707 vart kjapt leigd ut etter det var lagd ut.

Andre utleigeobjekt i Uskedalen er utleigd.

  • Leileghetene på SPAR er alle utleigd
  • To seksjonar på Beinavikjo Brygge er utleigd
  • Uskedalsvegen 707 på Eik vart nyleg lagd ut for leige. Eigarane fortel til uskedalen.no at seksjonen alt er utleigd
  • To leilegheter i rekkja av tremannsbustader nedre Halsabrotet er utleigd. Den tredje er nyleg seld.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat