Det er i desse dagar stor aktivitet i Båthamna. Inspeksjon av anker og wirer for bølgebrytaren til båtlaget viste at det var lite som heldt den på plass. 5 av 7 anker var ute av funksjon, og måtte omgåande fiksast. Styreleiar Hans Gustav Mussland fortel til uskedalen.no at Ørsta Industrier, som hadde levert bølgebrytaren, vart omgåande kontakta. Arbeidet med reperasjon av ankerfesta er i full gang. Reperasjonen er rekna å vera ferdig i utgangen av denne veka. Sjøentreprenør Valen Marina frå Sotra utfører jobben. Hamna har vore stengt frå om lag 10. mai. Kostnaden med reperasjonen er rekna til om lag kr. 400.000,- inkl mva. Hamna vil etter dette vera klar for gjester, både for dei som kjem sjøvegen til Festidalen og for andre gjeter seinare i sommar.



Det vert brukt dykkarar til arbeidet med å skifta ankerfeste i Båthamna.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal