Rosendal Musikklag nr.10 i 4. divisjon.

Denne helga gjekk NM for brassband av stabelen. Heile 2500 musikarar frå 76 korps fordelt på 6 divisjonar deltok på denne stormønstringa i Grieghallen i Bergen. Tradisjonen tru var Rosendal Musikklag blant deltakarane. I korpset spela to uskedelingar denne gongen. Det var mor Monica Hermann på 2. kornett og dottera Ebba som spelar solokornett.
I tillegg registrerte eg i alle fall 3 uskedelingar som spela for andre korps.
På bildet over ser vi deler av Rosendal Musikklag på scenen. Framme: Tor Skeie Olsen (nærast), Arnfrid Grasdal, Ebba Hermann Fossli, Karl Ø. Kristiansen og Møyfrid Guddal (flügelhorn) og bak henne Sander Elias Helleland (tuba). 2. rekkja: Liv Signe Bleie Ulvestadbakken, Jon Storækre, Ranveig Fjell Helleland og Monica Hermann. Dirigenten er Yngve Nikolaisen.

Monica Hermann og dottera Ebba Hermann Fossli gjorde ein god og viktig jobb i kornettgruppa til Rosendal Musikklag.

Rosendal Musikklag rykte i fjor opp frå 5. divisjon (nivå 6), og dei konkurrerte derfor med 12 andre korps i 4.divisjon. Underteikna var i salen, saman med ein god del andre kvinnheringar i eit stort publikum, då korpset hadde ei flott framføring av Sifonietta av Gordon Langford. Musikarane eg snakka med etter framføringa, var fornøgde med det dei hadde prestert på scena. Resultatet vart ein 10. plass i 4. divisjon (86,5 poeng). Det fortel mykje om nivået i konkurransen. Det er høgt over heile linja, og i dei øvste divisjonane er det skyhøgt.

Uskedelingar var plassert langt framme i salen då Rosendal var på scenen. Her ser vi f.v. Nils Rainer Vågen, Askøy Brass, mor Gunnbjørg, Håvard Stensletten Eik, Fjell Brass, far Magne og bak bror Morten. På første rekkje var også Vegard Døssland med far og onkel.

To uskedelingar spela i kokurrerande korps i 1. divisjon. Nils Rainer Vågen spela euphonium hos Askøy Brass (nr.8, 90 p), medan Håvard Stensletten Eik har endeleg gjort comeback på B-tubaen, og han spela med nyopprykka Fjell Brass (nr.11, 87p). Nokre divisjonar under, i 3.divisjon, spela Vegard Døssland kornett med Moen Musikkforrening frå Hadeland (nr.13, 86p).

NM for brassband er ikkje berre eit NM der 2500 musikarar møtest til konkurranse. Det møter også tilreisande publikum og supporterar i hopetal. Oppmøtet er så stort at det var ein god del pblikummarar som ikkje fekk plass i storsalen i Grieghallen (rommar 2200) då nokre av elitekorpsa spela.
I tillegg til å vera ein stor musikkonkurranse, er det også ein sosial møteplass der musikkvenner møtest kvart år. Det er konkuranse heile fredag og lørdag. Lørdag kveld er det først festkonsert der resultata blir gjort kjent, før det heile blir avslutta med Brass Night i Grieghallen.

Tysnes Musikklag blei nr. 10 i 2.divisjon og Sagvåg Musikklag nr. 11 i 3. divisjon.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland