I slutten av august hadde veteranbandet i musikklaget ein svært vellukka allsong-halvtime på Kafè Tiaren (bildet). Det var særs god stemning og publikum song godt med på dei fine songane. Musikarane akkompagnerte songane med skiftande besetning. Dei som ikkje spela deler av programmet, song med. Til føresongar hadde dei med seg Kvinnherards svar på Odd Grythe, nemleg Kristian Bringedal. Kristian leier alltid allsongen på ein framifrå måte og blir med også i ettermiddag. Programmet blir om lag det same som på Tiaren, – to songar er skifta ut og “Dansen på Sunnanø” og “Det som ein gong var” er komne inn. Publikum får utdelt hefte med tekstane.
Det blir nok ei koseleg allsongstund på Rosendalstunet i ettermiddag!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian Bringedal