Kvinnherad kommune har nyleg valt nytt ungdomsråd. Representantane er i hovudsak valt frå Kvinnherad vidaregåande skule og ungdomsskulane. Ungdomsrådet er samansett av 7 medlemmer med 7 personlege varamedlemmer. Representantane frå Rosendal ungdomsskule er to positive og aktive uskedalsjenter. Ebba Hermann-Fossli er medlem av rådet med Kaylah Bermillo Stensletten som vara. Ebba er kjend som svært aktiv innan både musikk, idrett og friluftliv medan Kaylah mellom anna har gjort seg bemerka med sine kunstnarlege evner t.d. i teiknekonkurransar. Saman hadde dei to eit flott og sterkt innslag under fredsmarkeringa i Rosendal 8. mai i år då dei framførte dikt av den palestinske diktaren Refaat Akareerm. Diktet hadde dei omsett til norsk sjølve i eit skuleprosjekt.

Også eit annan medlem i rådet har godt med uskedalsblod i årene. Eirik Johan Arnevik, son av Kjellrun Eik og Harald Arnevik. Han er vald frå Øyatun ungdomsskule.
Eit samantreff er det at leiar og nestleiar i rådet er søsken. Frøya Sverresdotter Hatteberg er leiar, medan broren Tord Sverresson Hatteberg er nestleiar. Begge er aktive ungdommar, og her i Uskedalen kjenner vi dei m.a. som leiarar, saman med Solveig Haugland, av den vellukka friluftslivcampen for born ved Mannsvatnet i sommar. Dei er frå Rosendal, og begge er elevar ved Kvinnherad vidaregåande skule.
Enkelt forklart kan vi seia at ungdomsrådet skal hjelpa politikarane til å forstå kva som er viktig for barn og ungdom. Dei har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld unge. Rådet bestemmer sjølv kva for saker dei vil komma med innspel i. Dei kan også ta opp saker på eige initiativ.

Tekst, arkivfoto(2021) og nett: Thor Inge Døssland.