Kommunevalet gav som resultat at det kom 6 uskedelingar inn i kommunestyret. Det var Bjørn Olav Tveit (A), Oddbjørn Kroka (H), Tove Lill Lakselv (Frp), Thomas Eide (INP), Wermund Vetrhus (SV) og Jostein Saghaug (MDG). No er det konstituerande møtet gjort unna med resultat at ingen av uskedalsrepresentantane kom i formannskapet. Nokre av dei kjem nok likevel møta som vararepresentantar i løpet av perioden. Nedanfor tar vi med representasjonen til uskedelingane i dei ulike utvala.

Formannskapet.
Jostein Saghaug (MDG) er 1. vara for Silje Nordtveit Olsen (SV)
Tove Lill Lakselv (FrP) er 1. vara for Ove Lemicka (FrP)
Bjørn Olav Tveit er 9. vara for koalisjonen (H, Ap, V og KrF)

Kontrollutvalget.
Thomas Eide (INP), bildet øverst, er nestleiar. Han hadde også mulighet til å bli leiar, men sidan han er fersk i politikken seier han til Kvinnheringen at han meiner det kan vera lurt å ta eit steg om gongen.

Forvaltningsutvalget.
Wermund Vetrhus (SV) og Tove Lill Lakselv (FrP) er medlemmer.
Esben Zimmer (INP) er 2. vara for Gunnar Helleland som er medlem for INP.

Plan, teknikk og miljø.
Oddbjørn Kroka (H) er nestleiar.
Møyfrid Kristoffersen (INP) er 1. vara for INP som er representert med Åge Aakre.
Jostein Saghaug (MDG) er 2. vara for opposisjonen (SP, MDG, FrP og SV)

Levekårsutvalet
Ingen uskedelingar verken på fast plass eller varaplass

Investeringsutvalget
Tove Lill Lakselv (FrP) 2. vara for opposisjonen (SV, FrP, MDG og SP)
Jostein Saghaug MDG) 4. vara for opposisjonen

Administrasjonsutvalget
Jostein Saghaug (MDG) 1. vara for opposisjonen.

Vi ønskjer alle lukke til med arbeidet den komande 4 årsperioden.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Grenda