Då grasbrannen på Sotra blussa opp igjen onsdag, kasta fire brannkonstablar frå Kvinnherad brann og redning seg rundt for å hjelpa. Det var dei to uskedelingane Roy Helge Døssland og Sindre Eidsvik som reiste av garde saman med Kenneth Jensen og brannsjef Atle Josdal. Over 200 personar har vore evakuerte og store mannskaper frå brann og redning har vore i sving,

Grenda var i kontakt med brannsjef Atle Josdal då dei var på veg heim etter ei natt med vakt i området, og han kunne fortelja til lokalavisa:
– Vi er på veg heim igjen for å ta oss ein kvil. Det kom mykje brannvesen på vakt torsdag morgon, og det kjem til å vera sikringsarbeid utover dagen, seier Josdal.

Heldigvis regnar det no godt i området, og det skal ikkje vera fare for at brannen blussar opp att.

Tekst: Thor Inge Døssland/Kjelde: Grenda.
Foto: Kvinnherad brann og redning
Nett: Thor Inge Døssland