Jul i Rosendal er ei julemesse med stor deltaking og høg kvalitet. Verksemder frå Uskedalen kan syna til godt sal. Det gjeld særleg dei som stiller ut og sel mat og drikke. Hjønnevåg sitt tilbod på lutefisk vart godt motteke. I 14 tida var det tomt i eskene. Nytt i år er Kristine Heimvik, f. Myklebust frå Uskedalen, frå Heimvik Alpakka som saman med Margit Lund Mikkelson sel ulike produkt laga av fiber frå eigne dyr. Dei sel garn,ullsokkar, sitjeunderlag og nokre andre produkt av alpakka. ( Bilete kjem i neste innlegg ).

Friheim Gardsmat kan syna til gode salsresultat på Jul i Rosendal.
Kjellaug Hella Myklebust hadde mange kundar innom salsboda si dag.

Friheim Gardsmat har ei populær salsbod. Det er til tider kø for å få julemat frå Friheim. Eik Gard sel mellom anna honning, eplemost og plommedrikk med krydder. Kjellaug Hella Myklebust gjer det godt med lefsene sine, slik det også var i år.

Eik Gard med Liv Torunn Gustavson er godt nøgd med salet på Jul i Rosendal.

Uskedalen.no vel å leggja ut frå Jul i Rosendal i to omgongar. Meir kjem.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal