Laurdag og søndag er det julemesse i og ved Halsnøy kulturhus med mange utstillarar. Eit interessant innslag blir også Frode O. Sæbø sitt føredrag. Det føregår i kinosalen laurdag kl.12. Tema er Sæbøvik sitt opphav og bygda si historie. Han kjem også innom bygget som messa føregår i og korviktig det har vore for bygda si historiske utvikling frå Martin Enoksen bygde og etablerte hermetikkfabrikk der.
Med seg til føredraget har han nokre gamle rekneskapsbøker og andre ting som er igjen frå pionertida. Det vil også bli framsyning av gamle bilde.
Frode Sæbø bur har budd i Korsnes i Uskedalen i over 35 år, men han er oppvaksen midt på Sæbøvik. Han har tileigna seg svært mykje interessant stoff om Sæbøvik si historie gjennom søk i kjeldearkiv og ikkje minst gjennom samtalar med eldre halsnøybuar. Mykje av stoffet har han publisert på facebooksida si “Liv og røre i Sævøvik” og på nettsida si www.5454senior.com.
Begge sidene er blitt særdeles populære og mykje besøkt. Grunnen til dette er at ein finn mykje interessant stoff, og i tillegg er det presentert i ei lettlesen og ledig form.
Laurdag kl. 12 kan vi altså oppleva Frode Sæbø si munnlege framstilling av ein del av dette interessante stoffet.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Privat foto frå facebook