Mange kvinnheringar har til liks med mange andre seg ein tur innom Baker Brun når dei er i Bergen. Baker Brun er kjend for sine gode bakervarer, og det er den perfekte plassen både for ein velsmakande lunsj, og for å kjøpa ekstra gode bakarvarer med heim. No treng treng vi ikkje reisa til Bergen for å få denne smakfulle opplevinga. Denne veka opna nemleg Baker Brun ny avdeling i Amfi Senter på Leirvik. Sentralt i opninga er uskedalsdama Karoline Neset som er kjedesjef for Baker Brun-butikkane i Bergen og omegn. Bildet over viser Karoline med sonen Ask (snart 1 år) på armen. Han likte bollen frå Baker Brun kjempegodt!

Det har vore travle dagar for Karoline Neset og gjengen hennar.

Karoline har arbeidd hos Baker Brun sidan 2016. Før det hadde ho lagt bak seg studier ved BI og UiB. Som kjedesjef har ho no 21 butikkar i sitt ansvarsområde. Dei fleste ligg naturleg nok i Bergen, men dei har også butikkar på Sotra, Askøy og Os før dei no opna på Stord. Denne butikken er første Baker Brun i Sunnhordland.

Før opninga har det blitt mange arbeidstimar på Stord for Karoline og teamet hennar. Etter ein god del med dagpendling frå Bergen, har ho frå fredag i sist veke dagpendla frå Uskedalen med svært lange arbeidsdagar. Med god støtte frå tilsette i Bergen har det vore utprøving av omnar og anna utstyr samt opplæring av nytilsett personale som skal driva Stordavdelinga. Opningsdagane onsdag og torsdag har det vore enorm kundetilstrøyming, og Karoline fortel at køen har vore lang ved opningstid. Utover dagane var det stort sett folk ved alle borda heile tida. Det var også mange kvinnheringar blant dei besøkjande.
– Det har vore veldig kjekt og veldig travelt, seier ho og fortel at no blir medverknaden frå dei frå Bergen gradvis trappa ned.
– No er det spennande å sjå responsen framover. Eg føler meg trygg på at dei som skal jobba her vidare, er godt rusta. Sjølv reknar eg med å vera tilgjengeleg her fram til helga, seier ho og veit at det ventar mykje godt arbeid på kontoret i Bergen. Bortimot 80 prosent av arbeidstida hennar er nemleg på kontoret, medan resten går med til besøk rundt på butikkane, noko ho omtalar som ei kjekk fordeling.

Blant mange gjester frå Kvinnherad på torsdag var sonen Ask, mora Åse, svigerforldra Jan Ove og Reidun og fleire.

At Karoline Neset er hamna midt oppi produksjon av gode bakarvarer, er kanskje ikkje tilfeldig. Morfaren Otto Myklebust var bakar hos Martens i Bergen, og oldefaren Odd Myklebust dreiv Uskedalen Dampbakeri som de kan lesa om i boka “Den nære fortida” som nyleg kom i salg.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.