Jørgen Nilsen Moberg er no godt i gong i stillinga som kategorisjef i Bondekompaniet. Det var i september han blei tilsett i denne stillinga i Felleskjøpet Rogaland Agder for Bondekompaniet.
Ein årvåken lesar la merke til det kjende, blide ansiktet då Jørgen nyleg blei presentert for kundane i publikasjonen Vårt Felleskjøp.

I presentasjonen fortel dei at Jørgen heile si yrkeskarriere til no har vore innan handel. Vi hugsar alle den dyktige, unge kundebehandlaren frå den tida han jobba i familiebutikken Spar Uskedalen i feriar og fritid medan han studerte. Etter at han hadde sikra seg to bachelorar ved BI i Bergen, flytta til hovudstaden og starta i jobb som innkjøpar hos Asko. Seinare blei han innkjøps- og kategorisjef i Norgesgruppen.

Jørgen Nilsen Moberg.

I september i fjor flytta han og sambuar Karen Thorsen vestover til Jørpeland, der ho kjem frå, og busette seg der. Då hadde begge sikra seg jobb, og Jørgen gjekk inn i stillinga som kategorisjef i Bondekompaniet. Arbeidsstaden han er på Klepp, og han har ansvar for hobby og fritid, reinhald, hushaldning, leiker, hytte- og miljøprodukt.

Jørgen Moberg seier til Vårt Felleskjøp at han synest at det er inspirerande å jobba for Felleskjøpet Rogaland Agder som er eit selskap med lange tradisjonar, men som likevel har evna til å tenkja nytt.
Jørgen stortrivst i den nye jobben sin der han har som oppgåve å setja saman spennande vareutvalg for kvalitetsbevisste kundar.

Når vi først er inne på Bondekompaniet, nemner vi at ei anna kjekk sak som ikkje har direkte samanheng med det som er skrive over. Vi tar ein quiz!
Kor er det aldeles nydelege bildet på framsida av katalogen nedanfor frå? Bondekompaniet har i alle fall sansen for dei vakraste motiv!!

Nydelegaste bygdo!!!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Avfotograferingar: Tor Ove Haugland