Lokalavisa Grenda melder i dag at Mari Anne Feet er tilsett som ny direktør ved Rosendal Fjordhotel. Mari Anne er fødd her i Uskedalen og vaks opp her. Saman med mora Inga og søstera Hege Ingeborg flytta ho til Haugesund då ho var ved inngangen til tenåra. Seinare har ho hatt god kontakt med barndomsbygda sjølv om vi trygt kan seia at ho har hatt heile verda som arbeidsplass. Ho brei erfaring frå hotell- og restaurantbransjen. Ho starta m.a. restauranten Mormors Hus på Bali i 2009 der ho valde namnet fordi ho minnest den gode stemninga på mormora, Ingeborg Feet, sitt kjøkken. Ho har elles vore hotelldirektør i både India, Frankrike og Tyskland i tillegg til Norge. Innimellom har den positive og språkkunnige dama undervist innvandrarar i norsk i Haugesund.
Søstera Hege Ingeborg har overtatt barndomsheimen på Feet. Dermed er begge søstrene ofte å sjå her i bygda.

Mari Anne Feet fotografert saman med dottera Thyra, sonen Thorstein og mora Inga i 2012.

I julenummeret av Uskedalsposten 2012 hadde Ola Matti Mathisen eit interessant portrett av Mari Anne. Det kan de lesa. De finn det ved å klikka på fana “Historie” her på nettsida.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Bilde: Avfotografering frå Uskedalsposten.