Etter at Ingvild Gåsemyr Sæberg gjekk av med pensjon i sommar, er Lene Gjuvsland Skjelnes frå Halsabråtet konstituert i stillinga som rektor ved Vaksenopplæringa i Kvinnherad.  Ho fekk spørsmål om ho kunne ta stillinga, og ho takka ja til det.
Lene, opphaveleg frå Varaldsøy, er pedagogisk utdanna.  Ho er førskulelærar i botnen, og har seinare skaffa seg brei og relevant erfaring gjennom ulike arbeidsoppgåver i Kvinnherad kommune.

Lene har jobba mykje med prosjekt, og vi kjenner til at ho dei seinare åra mellom anna har leia arbeidet med å utarbeida integreringsplan for kommunen.  Dette gjer at ho allereie etter svært kort tid har skaffa seg god oversikt i fagfeltet ho no skal leia framover.

Det er no om lag 50 elevar ved Vaksenopplæringa i Kvinnherad, og den nye rektoren fortel at det er fleire som ventar på å komma i gong med å læra det norske språket om kort tid. Dette er mellom anna flyktningar frå Ukraina. Den største utfordringa no er manglande romkapasitet der skulen held til.
– Klasseromskapasiteten i dei lokala vi er no, avgrensar oss litt. Det er fleire klassar som held på og veks ut av klasseromma dei har, men vi skal gjera så godt vi kan med å få plass til så mange som mogeleg, også utover dei som har lovfesta rett på plass, seier ho mellom anna om dette.  Til siste gruppa ho nemner, tenkjer ho nok innvandrarar med arbeid i Kvinnherad som treng norskkunnskapar i jobben. At dei får det, er viktig både for å behalda dei som innbyggjarar og nødvendig arbeidskraft.

Ved sjølvsyn har eg lagt merke til den gode oversikten ho har skaffa seg over det vide og viktige feltet som ho skal leia, mellom anna med eit omfattande regelverk.
– Eg er no svært heldig for eg har eit svært dyktig kollegium å samarbeida med.  Dei har mykje kompetanse. Til saman er det 8 lærarar tilsett ved skulen no. Mange av dei har mykje erfaring og tilleggsutdannining innanfor fagfeltet.  Dessutan har vi vore svært heldige og fått gode søkjarar til dei 3 stillingane vi har tilsett lærarar i før dette skuleåret, greier ho ut om pedagogane ho skal samarbeida med.

Etter den korte samtalen med den konstituerte rektoren har eg fått inntrykk av at den nye leiaren av Vaksenopplæringa ikkje berre har fått ein god start.  Ho har struktur, visjonar og tankar som kan utvikla skulen vidare saman med kollegiet.

Sluttvis nemner vi at Lene Gjuvsland Skjelnes dei seinare åra har hatt ein sentral plass i leiargruppa for Festidalen.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland