15 år gamle Sigri Lekva deltok sist helg i det store symjestemnet LÅMØ vest 2022 i Stavanger. Der gjorde ho det så bra at ho sette personleg rekord i alle øvingane som ho deltok i. Sigri sym for idrettlaget Trio, og ho trenar 3 og 4 gonger i veka i symjebassenget på Husnes. Ho starta som konkurransesymjar for vel 3 år sidan, og ho deltok i sin første symjekonkurranse i januar 2019. For Sigri er no symjing blitt ein lidenskap. Ho ønsker å utvikla seg vidare, og ho håpar at fleire uskedelingar og andre kvinnheringar skal satsa på denne sporten. På årsmøtet nyleg blei far hennar, Trond Lekva Myklebust, vald til ny formann i symjegruppa i Trio.

Sigri i klar leiing i butterfly-delen på medley.

LÅMØ vest er eit stort stemne, og deltakarane må kvalifisera seg for å få delta. Dei 24 beste i kvar øving får vera med. Sigri kvalifiserte seg til å delta i alle dei 5 øvingane i 2006-klassen: 400m fri, 200m medley, 200m rygg, 200m bryst og 100m butterfly. Ho gjorde det aller best i butterfly der ho vann sitt heat. Totalt blei ho nr.9 av dei 24 sterke deltakarane.
I medley leia ho etter dei første 50 metrane med butterfly, heldt leiinga då dei sumde rygg, men ho blei tatt igjen på dei neste 50 metrane med brystsymjing. Siste 50m var crawl.

Det var deltaking frå heile Vestlandet.

Sigri sette altså personleg rekord i alle øvingar med desse flotte noteringane:

  • 100 m butterfly: 1.12.23(forbetring av pers med 2 sekund.)
  • 400 m fri: 5.21.45
  • 200 m bryst: 3.21.79
  • 200 m rygg: 2.46.65
  • 200 m medley: 2.49.72
Gjer seg klar til 200 m rygg.

Neste helg er det klart for ny stor konkurranse for den lovande symjaren. Ho skal då delta i eit internasjonalt stemne i ADO Arena i Bergen, der ho også har vore på stemne tidlegare. I dette stemnet har ho kvalifisert seg for 3 øvingar. Ho skal symja 50 og 100 meter butterfly og 50 m fri. Det skal bli spennande å følgja henne i dette stemnet og vidare framover. Viss nokon har tippa at butterfly er favorittøvinga hennar, så stemmer det.

Av annan idrett har Sigri Lekva vore aktiv fotballspelar. Inntil nyleg var ho med på damefotballaget i Rosendal.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Hege Lekva