Uskedalselva, som på nettsida Eleveguiden, vert kalla Ei perle i Hardangerfjorden opna for fiske i dag, tysdag 15. juni kl. 18.00. Dei fyrste fsikarane var på plass i god tid for observasjon og klargjering. Fangsten i elva har dei siste åra har variert mellom 1 tonn til 400 kg., laks og aure. Fiskekort vert kjøpt på elveguiden.no. Tidlegare i dag var elva ideell for fiske. Berre nokre timar utan regn går elva ned. Difor må fiskarane vera på plassen og vurdera situasjonen frå time til time. Vi gjer merksam på at bilete er henta frå arkivet ( 2020).

Alle må vera merksame på soneinndelinga i elva. Pr. i dag er øvre og nedre Døssland slegne saman til ei sone. Innløpet til Gravehølen på Haugland er stegd for fiske. Dei som kjøper kort, må merka seg kva sone ein skal fiska i. Det er også viktig i høve til innrapportering av fangst.

Døgnkvoten er to fiskar på land. Fisk på land skal avlivast. Elles ligg fiskereglane ute på nettet. Det vert presisert om å lukka grindar og ikkje gå i graset over dyrka mark. Bruk merka parkeringsplassar for oppstilling av bilar. Desinfisering er viktig å få gjort på tilviste stasjonar.

Uskedalselva er ei typisk vestlandselv med godt fiske når elva er flaumstor. I turre periodar og med lite vatn, kan elva bli stengd på kort varsel.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal