Etter at elva har vore stengt for fiske ei tid, med unnatak av flugefiske i nedre del, er det no opna for fullt fiske i elva. I løpet av natta har det kome mykje nedbør. Ein av våre verobservatørar melder om over 30 mm nedbør frå i går kveld til i dag tidleg. Dette har ført til høg vassføring i elva. Bildet er teke frå brua over til Hauglandsheio og nedover.
Styret i elveforvaltninga melder elles at viss det blir ny stenging av elva, vil det bli ope for flugefiske i sonene Feet, Myklebust, Dønhaug, Døssland og Kjerland.
For meir info sjå elveguiden.no.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland