Målt i fangst dei siste 12 åra er Uskedalselva den tredje beste lakseelva i område frå Karmøy til Nordhordland. Etneelva og Oselva er nummer ein og to på lista. Bak Uskedalen finn vi Æneselva og Omvikeelva. Dette kjem fram i eit innlegg skrive av Joar Grindheim, rådgjevar i CapMare AS. Elva i Uskedalen er eit døme på på ei elv som har eige gytebestandsmål, trass i Trafikklyssystemet som syner raudt eller gult lys i høve til negativ verknad frå lakselus. Gytebestandsmålet for elva i Uskedaln er 180 kg hofisk. Observasjonar gjort med overvakingskamera og gytefiskteljingar syner at dette målet er nådd. Det store spørsmålet no er kor mykje laks som vil gyta i elva og kor mykje av yngelen som vil overleva og som kjem seg ut av elva. Registreringane er gjort av Skandinavisk Naturovervaking og Rådgjevande Biologar i 2018 og 2020.

Fiske i elva ved Dønhaughølen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto