“Du Døssland, detta e` nesten lika kjekt so kommunestyre”, helsa politikarhovdingen Thorleif Hellesøy meg med glimt i auga etter ei særs kjekk stund på “Syng med oss” på Rosendalstunet på tirsdag. Det var heilt tydeleg at han og svært mange med han set stor pris på dette tiltaket annankvar tirsdag. Denne gongen var det Veteranbandet i UML som sytte for den musikalske underhaldninga, medan Uskedal Helselag sytte for utsøkt servering med både melkekaker og eit utval av andre smellgode kaker. Likevel tar eg kanskje munnen litt full når eg kallar det “Uskedalsdag”, for det er kvar gong ein gjeng frivillige med Aud Amundsen i spissen som held dette supre tiltaket i gong. Applaus til dei!!

Mykje folk!
Og Hauglandstrioen, Sigrun, Tove og Trygve, er stødige både i songen og frammøtet.

Veteranbandet pleier å vera med på “Syng med oss” ein gong i halvåret. I tillegg pleier dei å spele julemusikk på/ved tunet like før jul. På tirsdag spela dei to avdelingar, kvar på 5 nummer, 2 instrumentale og 8 allsongnummer. I tillegg til det oppsette programmet framførte bandet, saman med publikum, gjebursdagssong til Borgny Hus som fylte 91 år denne dagen.
Vanlegvis er Kristian Bringedal ein framifrå forsongar, men sidan han denne veka syng seg gjennom elvecruise i Europa, blei han denne gongen erstatta av ein kvartett av dei frivillige, – Aud Amundsen, Turid Sandnes, Tørres Skåluren og Ester Falk. Dei gjorde ein strålande jobb.

Dyktig leiar: Aud Amundsen

Medan helselaget, denne gongen representert ved Aud Isaksen Haugland, Anette Sund, Berit Harriet Døssland og Marit Hauge, sytte for den supre serveringa, var det åresal med mange flotte gevinstar. Både maten, musikken, åresalet og leiinga til Aud Amundsen førte til ei lett og god stemning. Ja, då bandet spela “Det var på Capri” var det til og med eit par par som svinga seg på dansegolvet (bildet øvst).
Det var ei oppløftande stund både for bebuarar, tilsette, musikarar, servitørar og andre frivillige.

Veteranbandet, her representert ved Per, Svein og Per, gler seg til å komma tilbake til Rosendalstunet.

Veteranbandet set stor pris på å få delta på slike arrangement. No står Hunsnestunet for tur 1. november og Halsnøytunet 8. november. Også der blir det allsongprogram, og då er Kristian heime og klar som forsongar. Elles er bandet no inne i ein svært travel periode. Fram til nyttår er det no booka 9 spelingar. Totalt kjem dei i alle fall opp i 28 opptredenar dette året. Det må vel nesten vera rekord?

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Eldbjørg Myklebust.