På Rosendalstunet er det “Syng med oss” annankvar tirsdag. Det er eit supert tiltak som mange frivillige står bak. I dag hadde dei faste frivillige god hjelp av Uskedal Helselag og Uskedal Musikklag med forsongar Kristian Bringdal til å skapa den gode stemninga for bebuarar, pårørande og andre gjester. Som vanleg var det eit stort publikum.

Etter at Ester Falk hadde ønskt velkommen, vart den faste opningssongen “Leve i stunda” sungen akkompagnert av Gro Skeie på piano. Deretter overtok uskedelingane podiet. Musikklagsmedlem Thor Inge Døssland forsette “kjendishysteriet” sitt med å introdusera forsongaren Kristian Bringedal, – denne gongen som “Kvinnherads svar på Freddy Kristoffersen”. Som alltid var det til overraking for Kristian. Deretter losa han salen gjennom første avdeling med god song på kjende og kjære allsongar til tonefølgje frå musikklagsgjengen. Mange av songane er flott arrangert av Per Olav Paulsen, spesielt til Uskedal Musikklag.

Desse 7 flinke helselagsdamene er klare til syta for ei herleg kaffistund. F.v. Eli Roseth Eik, Møyfrid Kristoffersen, Jofrid Eik, Kjersti Raudstein, Inger Høyland Myklebust, Astrid Haugse og Gunnbjørg S. Eik.

I pausen stod frivilligjengen for åresal og trekking av gevinstar, medan 7 flotte damer frå aktive Uskedal Helselag sytte for rikeleg med mjelkekaker, andre kaker og kaffi til alle.

Kristian Bringedal med det første trekkspelet sitt.

Før musikklagsgjengen starta 2. avdeling med “Drømmen om Elin”, med tekst av nemnde Freddy Kristoffersen, viste Kristian Bringedal fram det første trekkspelet sitt. Han fekk det i 8 årsalderen, og dermed byrja han og Freddy å spela trekkspel omtrent i same alder. Noko spel blei det ikkje på trekkspelet då det var heilt utslite. Derimot var det ein fin introduksjonen til ei avdeling med mykje flott allsong før det blei avslutta med “Bedre og bedre dag for dag”.
Fleire av musikklagsmedlemmen gav uttrykk for at slike spelingar er noko av det kjekkaste dei gjer!

Tekst og nett: Thor Inge Døsslanf
Foto: Torkel Stensletten og Thor Inge Døssland