Denne veka lanserte Spar Uskedalen ei ny ultralokal bakervare. Det er ei bolle med det klingande namnet USKEDALSBOLLO.
– Den må du prøva. Den er så god at det går nesten ikkje an, sa ein kunde til meg då eg var innom butikken i ettermiddag!
Kari Ljosnes i bakeriavdelinga kunne fortelja at dei begynte å selja den tidlegare i veka, og den hadde slått veldig godt an. Uskedalsbollo blir bakt i butikken. Det er sjokoladebitar i sjølve bolla og rikeleg med vaniljekrem på toppen.

Spar Uskedalen har fleire suksessar som er laga i butikken frå før. Uskedalsburgeren som er blitt særs populær, er etter det eg kjenner til den einaste som frå før ber Uskedalsnamnet. No er det altså gode grunnar til å prøva Uskedalsbollo.

Eg må innrømma at dette er skrive med “vatn i munnen”. No er kaffien ferdig, og eg er klar til å prøva mi første Uskedalsbollo.

Tekst, foto og nett:  Thor inge Døssland