Laurdag og søndag mellom kl.12 og 16 er det som kjent kunstutstilling og kafè i Gamleskulen i Uskedalen. Dei to utflytta uskedelingane Gaute Haugland og Kjell Musland har mykje flott og spennande å visa fram. I tillegg til å nyta kunsten, og kanskje kjøpa noko du likar, kan de nyta stunda i Gamleskulen med god krema kyllingsuppe med focaccia og anna godt krydra med god drøs.
Det blir også høve til å kjøpa Uskedalsboka “Den nære fortida” og debut-CD’en til Bjørn Moe, “Angel Number Seven”. Det er enklast om det blir betalt med vipps, men det blir sjølvsagt også ordna om ein vil betala med kontantar. Både CD’en og boka er til vanleg til salgs på Spar Uskedalen.
Utstillinga blir opna laurdag kl. 12 av representant frå Uskedal Utvikling der dei to kunstnarane og deltar. Dessutan blir det eit eineståande musikkinnslag!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Mokka Design og Bokomslag v/ Salikat Design