Samstundes som det er salg av lodd i vedlotteriet til Uskedal Friluftslag på laurdag frå kl. 11 og ein del timar utover, vil det bli mogeleg å få kjøpt den første boka i den lokalhistoriske Uskedalsserien “Den nære fortida”. Boka kom ut i november 2022, og oppfølgjaren er no i produksjon. Det minkar på opplaget, og boka kostar 300,- kr. Det kan betalast både med kontantar og vipps nr. 76 38 03.
Såleis kan ein få kjøpt både vedlodd og bøker ved Spar denne laurdagen, og gjennom det støtta både Uskedal Friluftslag og Uskedal Historielag.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto