For to veker sidan var ein delegasjon i Uskedalen for å sjå tømmerkaien på Børnes og tømmeruttak med taubanedrift i regi av Englafjell skogveglag. Med på synfaringa var Elisabeth Hansen frå Landbruksdepartementet, Helge Kårstad (Kystskogbruket), Torbjørn Frivik og Bjørg Sissel Frøyen (T.Frivik Taubanedrift AS), John Elter ( AT Skog), Johannes Feet og Frode Stensletten (skogeigarar) var også med. ( Sjå bilete under )

Namna står i teksten over.

Taubanedrifta i Uskedalen er den største i landet for tida. Frivik Taubanedrift har to arbeidslag på plass. Tømmeruttaket i det bratte terrenget har fått stor merksemd, særleg fordi drifta vert gjort på ein miljøvennleg måte. Målet er at det skal vera minst mogeleg fotavtrykk i terrenget, slik det også var ved hogst til ved og planting på 1950 talet.

Ny planting innan tre år etter hogsten er viktig. Grunneigarane er bevisste på skogen som ein ressurs og at planting i dag kjem dei neste generasjonane til gode.

Store mengder tømmer går ut over Børnes tømmerkai.

Tømmeruttaket går etter oppsett plan. Utskipinga går for det meste over Børnes tømmerkai. Det er skip til kai kvar veke. Industriområde vert også nytta mellombels til lagring av tømmer før flytting og lasting på skip.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Johannes Feet/ Arkivfoto