Med inspirasjon frå Heyerdahl sin Kon Tiki har fem ungdomar frå Uskedalen bygd sin eigen flåte. Heyerdahl la ut på ei forskarferd over Stillehavet i 1947. Målet til gutane frå Uskedalen er å koma seg over Storsund til Skorpo. Slik såg det ut i dag då flåten vart slept i posisjon for vidare reise. Flåten er bygd i sjøbua på Sanden og har den siste veka lege delvis på sjøen i Beinavikjo. Det er eit fast sommarinnslag at nokre byggjer seg flåte. Mange minnest ein lagt større farkost frå Herøysundet som var godt synleg på fjorden for nokre år sidan. Ungdomane skal ha ros for kreativitet og pågangsmot. Det er slike innslag som skaper sommarstemning. Oppdatering: Kursen er sett mot Mjødnasund. Vinden er framdrifta. Det er fylgjebåt med på ekspedisjonen.

“Kon Tiki” vert slept i posisjon før reisa går over Storsund mot Skorpo.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal