Takk til dei som til no har synt interesse for å vera kontaktar inn mot uskedalen.no. Skal nettsida halda fram, treng redaksjonen hjelp. På den siste samlinga møtte det representantar frå Uskedal skulemusikk, Uskedal skule og Uskedal utvikling. Så langt har seks personar fått tilgang, opplæring og innføring i bruka av sida. Nokre har alt prøvd seg med skriving og publisering. Redakjsonen ventar at fleire melder seg, særleg frå dei som har viktig informasjon og som forventar profilering på nettsida.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal