Uskedalen.no – ei unik nettside. Slik skriv redaktør Mona Grønningen i si helsing frå Kvinnheringen. Ho møtte og intervjua Ola Matti Mathisen i 2011. Det var hennar fyrste møte med ein ringrev av ein journalist og ho som ung og fersk i faget. Morten Nygård i Grenda skriv helsing. Han takkar for godt samarbeid. Han er imponert over drifta med nyhende kvar dag. Ei bygd med ei oppegåande nettside i 20 år er ei sjeldan hending, skriv redaktøren i Grenda.

Blomehelsing og gåve til f.v: Thor Inge Døssland, Kristian Bringedal og Hans Ordin Østebø.

På markeringa i kveld var det elles helsingar frå:

  • THK stiftelsen v/ Tormod Myklebust
  • Festidalen v/ Daidalos Dahle
  • Torkel Stensletten – utflytta uskedeling

Hans Ordin Østebø og Kristian Bringedal hadde ein gjennomgang redaksjonelt og med tanke på drift sidan starten i 2006. Ein framheva sentrale personar som var med Ola Matti Mathisen i hans arbeid. Magnhild Haugland hadde ei viktig oppgåve med fornying og utvikling. Karoline Neset var også med.

Uskedal.no 20 år markering innlegg Kristian Olav Bringedal
Kristian held innlegg om den redaksjonelle historia

Nokre av dei samarbeidande laga møtte fram til markeringa i kveld. Alle bad om at uskedalen.no må halda fram. Det er viktig for porfilering, bygdeutvikling og samkjensle i bygda.

Leiar i Uskedal Utvikling, Gunn Mari Moberg, sa fram helsing. Saman med Eva Reime Ljosnes og Marit Røssland var det laga fint til med pynta bord, kaffi og kake. Tre sentrale personar med skriving og teknisk drift, Hans Ordin Østebø, Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal, fekk blomehelsing og ei gåve.

Markering med kaffi og kake.

Noverande redaktør held fram arbeidet med skriving og redigering ut juni månad. Då må andre og yngre krefter føra arbeidet vidare. Styret i Uskedal Utvikling har ein plan for vidare drift.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Eva Reime Ljosnes/ Hans Ordin Østebø