Uskedalen.no 20 år - innslag på Plassapodden frå i dag kl. 18.00.
Ny plassapodd vert lagt ut i dag, fredag 19. juni, kl. 18.00. Det er gjort klart for innslag om uskedalen.no som kan sjå tilbake på 20 års samanhengande drift. Fyrste saka vart presentert juni 2006, den gongen med Ola Matti Mathisen som redaktør. Den dugnadsbaserte nettsida er ein viktig del av identiteten i Uskedalen. Saker, stort og smått, vert lagt ut.
Plassapodden skriv mellom anna dette om dagens episode: Festidalen står for døra, festivalen med Noregs beste namn, som er med og frontar Uskedalen og bidrar til eit godt omdøme for både bygda og kommunen. Uskedalen.no bygda si eiga nettside, er ein annan viktig ressurs som gjer Uskedalen til ei levande bygd. Møt tre sentrale og positive bidragsytarar som legg grunnlaget for ei triveleg bygd.
Plassapodden har til no lagt ut 47 episodar. Du finn dei på Youtube. Det er gratis.
https://www.youtube.com/@Plassa-Podden
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Illustrasjonsfoto