Uskedalen, Matre og Halsnøy er med på hageturneen til artisten Hilde Selvikvåg.
Den kjende og folkekjære artisten Hilde Selvikvåg har lagt opp til 30 konsertar fordelt rundt i landet. Konsertane inngår i det ho kallar ein Hageturne, noko ho har drive med kvar sommar sidan 2021. Konserten i Uskedalen, som alt er gjennomført, var lagt til Gravene på Haugland. Matre ( Bauge ) og Halsnøy ( Verdens Ende ) er også å finna på lista. Turneen vert faktisk avslutta 30. juni på Halsnøy.
Hilde Selvikvåg syng på klingande jærdialekt. Ho er etablert og står fram som ein folkekjør artist. Etter det spellemannsominerte debutalbumet har ho hatt mange låtar i høg rotasjon på NRK sine radiokanalar. Mest kjend er låtane “Karusell”, “Indie” og “Fryd”.
Hilde Selvikvåg er ein nyskapande artist, og har vist ei stor evne til å byggja eigne idear og konsept. Sommaren 2021 slapp ho sin aller første hageturné, den einaste av sitt slag i Norge. Konseptet var ein braksusess og så langt har ho turnert hundrevis av hagar frå sør til nord.
Hilde Selvikvåg ein eigen evne til å bevega og sjarmera publikum. Ektefølt og nært formidlar ho dei personlege tekstane sine slik berre ho kan, og framkallar både latter og tårer med ein varme av dei sjeldne.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Faksimile av plakaten