Herøysundet har fått ein attraksjon som toler å samanliknast med julegrana i Uskedalen. Det heile starta på seinsumaren. Styret i Bygdalaget tenkte slik: Uskedalen har grana, Husnes har parken og Rosendal har gågata. Kva skulle ein finna på i den vakre bygda Herøysundet, som kunne vera til glede for folk i alle aldrar. Kriterier: Frisk luft, godt for helsa, tilgjengeleg for folk flest og sist men ikkje minst; instagramvenleg. Lysgata på Stigen var eit passande prosjekt, midt i stummande mørke der ein minst forventar det.

Stigen over Bergsheiane var bilveg fram til nyvegen kom gjennom Ljosmyr. Store deler av traseen er restaurert og halden godt i hved.

Frøydis Nilsen Mathisen fortel til uskedalen.no at lenkjer, som skal tola vind og regnver, er kostbart. Med bakgrunn i søknad vart det løyvd kr. 10.000,- frå Sparebanken Vest av ei ordning dei kalla Nabolaget. I tillegg fekk Bygdalaget omdisponert 20.000,- kroner frå eit tidligare prosjekt under Sparebank 1 stiftinga Kvinnherad. Dermed vart det tinga heile 100 meter med kvalitetslenkjer og 200 pærer med vakre og varme LED-lys.

I Herøysund er folk flinke å gå på tur, gjerne ein runde rundt bygda. Med belysning på Stigen svingar ein gjerne innom skogen på samme ruta og forlenger turen. Belysningen er styrt med «timer» og lyser kvar dag frå klokka 16.00 til kl. 23.00. Responsen har vore over all forventning, det er stas å sjå at folk frå heile kommunen tek turen! Bygdalaget sender ein stor takk til grunneigarane som har vore svært positive til prosjektet. Lysa skal skina fram til 1. februar.

For dei som kjem i bil, oppmodar Bygdalaget om parkering ved Gredahuset, på plassen der butikken var eller på Berge ved den gamle snikkarverkstaden.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal