Uskedalen har eit vassverk med god drift og solid økonomi. 5 % auke i årsavgifta.
Årsmeldinga til Uskedal Vassverk for 2023 fortel om god drift. Det er oversikt over planlagde investeringar. Økonomien er god. Overskotet er på kr. 915 778,-. Laget har ikkje langsiktig gjeld. Vassavgifta vart auka med 8 % i 2023, noko som er i samsvar med kravet frå kommunen for å stilla garanti for lån til investeringar i åra framover. Det er vedtak på årsmøte om 5 % auka i 2024.
Om ikkje så mange år har Uskedal Vassverk to kjelder å henta vatn frå. Det er ein langt betre situasjon om ein ser på korleis det er i mange bygder. Deler av nettet er gamalt og treng fornying og oppgradering. Vasstapet er likevel lågt, langt under landssnittet.
Av planlagde investeringar tek vi med:
- Nytt inntak på Eik til ein kostnad på 1,5 mill. kr. Vassverket avventar ei avlaring om det vert kraftutbygging i Eikeelva. Konsesjonen deira går ut i juni 2025.
- Nytt vassinntak frå borehol på Haugland. Kostnad: 15 mill. kr.
På årsmøte vart det attval til alle styreverv, det same med val av revisor og valnemnd. Styret er såleis:
- Leiar: Hans Reidar Kjærland
- Medlem: Johannes K. Feet
- Medlem: Lisbeth Nilsen Døssland
- Medlem: Jofrid Eik
- Medlem: Bjarne Lilleaas
- Varamedlemer: Svein Rimestad og Svein Ove Bråtun
Dagleg leiar er Klara Bakke
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Arkivfoto