Uskedal Utvikling takka Tiaren-damene og andre frivillige.
Flott fest i Gamleskulen
Onsdag var rundt 30 frivillige personar samla i Gamleskulen då Uskedal Utvikling stelte i stand fest for å takka frivillige for god innsats gjennom året. Dei fleste av desse var damene på Kafè Tiaren, – denne dugnadskafèen som til neste år kan feira 20 år med samanhengande drift. Imponerande. Damene er inndelt i grupper på tre slik at dei er på kafèen kvar 8. tysdag.
I tillegg pleier UU å ha ei eiga markering forkarane i dugnadsgjengen for å takka dei for alt det gode dei gjer for bygda.

Det var leiaren i UU, Gunn Mari Moberg, som opna og leia feststunda, og det gjorde ho på ein framifrå måte. Etter korte, gode velkomstord les ho opp vers spesielt tilpassa Tiaren-damene. Eg siterer noko av det her:
“Kafè Tiaren – der kaffien er varm, praten går og bygda blir redda kvar tysdag!
Det var ein gong ei bygd som heitte Uskedalen.
Ei vakker bygd med fjord, fjell, flotte folk – og ikkje minst ein gjeng damer som hadde teke på seg eit svært viktig samfunnsoppdrag:
Å halda liv i bygda kvar einaste tysdag!
Og dette skulle dei gjera på dugnad, med kaffi, noko godt å bita i og ein god porsjon godt humør.
Slik vart Kafé-tiaren ein viktig møteplass i Uskedalen.”
“No skal det seiast at desse damene ikkje er kven som helst. Dei er ein kombinasjon av kokkar, servitørar, psykologar, nyheitsredaktørar, ekteskapsrådgjevarar og kommunal beredskapsteneste.
For på Kafé-Tiaren kan du få løyst dei fleste problem. Her blir både verdsproblem, kommunale utfordringar og naboskap diskuterte over ein kopp kaffi.
Og skulle nokon lura på kva som skjer i bygda, er det berre å møta opp ein tysdag.
Her får du nyheitene lenge før dei kjem på uskedalen.no!“
“Damene møter opp, brettar opp ermane og set i gang. Kaffien skal kokast, borda skal pyntast, og kakene skal på plass.
Men det fine med Kafé-Tiaren er at ingen treng å ha noko spesielt ærend.
Ein kan koma berre for å treffa folk, høyra litt nytt, få seg ein god latter eller kanskje berre sitja og lytta.
For somme er dette vekas høgdepunkt.
Og det er ikkje så rart.
Her treng du ikkje bestilla bord, pynta deg eller ha ein tjukk lommebok. Du treng berre å møta opp som du er.
Og skulle du koma litt sur og gretten, ja, då er det stor fare for at du går heim att i betre humør!
Det blir sagt at latter forlenger livet.
I så fall bør kommunen snart byrja å sponsa Kafé-Tiaren over helsebudsjettet!
For tenk på alle pengane desse damene sparer samfunnet for!
Mindre einsemd, meir trivsel, fleire gode samtalar og kanskje litt høgare kolesterol etter alle kakene.”
“Kafé-Tiaren er mykje meir enn kaffi og kaker.
Det er ein stad der folk blir sett, der nokon spør korleis du har det, og der det alltid er plass til ein til rundt bordet.
Og det er nettopp slike møteplassar som gjer Uskedalen til ei god bygd å bu i.
Så til alle dei fantastiske damene som stiller opp tysdag etter tysdag:
Tusen takk for innsatsen, humøret, omsorga og alle timane de legg ned!”

Etter den flotte velkomsten, vart nydelege smørbrød frå Bra Lunsj. Det smaka fortreffeleg, og sjølv om vi åt godt, gjekk praten mest endå betre. Vi trong verkeleg ein pause før kake og kaffi, og den blei fylt med eit underhaldande gratislotteri med mange vinnarar. (Eg ønskte å få bilde av ei av damene med dei fancy solbrillene ho vann, men fekk dessverre nei). I tillegg slo Gunn Mari til med ein knallbra vits slik at taket mest letta av latterbrøla! Marsipankaka og kaffien smaka godt etter dette. Kaka var så god at, utan eg veit det, meiner eg bestemt at den måtte vera frå SPAR sitt kakesortiment.

Avslutningsvis fekk alle ein fin potteplante, – eit synleg teikn som takk for innsatsen. Ein strålande takkefest tenkte nok alle då dei gjekk ut døra, og eg er sikker på at mange også tenkte at vi er heldige som har ein så samlande og flink leiar i Uskedal Utvikling.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland