“Når netten blir lange” syng vi i Alf Prøysen sin kjende Musevisa. Eg er ikkje heilt sikker på at dette stemmer for alle barn. Eg trur kanskje heller det er dagane som blir lange når dei går og ventar på at julekvelden skal komma.
Eg snakka med Sjefsjulenissen (bilde) i dag, og han hadde registrert at det hadde vore veldig, veldig mange snille barn i 2023. Han håpa at det ville forsetja neste år slik at absolutt alle barn vil vera snille med kvarandre. Skikkeleg nissesnille.
Nissen fortalde og at det hadde vore travelt dette året. Han skulle gjera alt for at barn og vaksne skal få ein fin julekveld. Sjefsnissen hadde ikkje tid til så mange besøk sjølv, for han måtte administrera. Han hadde kalla ut alle nissetenarar som han kjenner, for at mange skulle få nissebesøk. Men Sjefsnissen sa også at det går flott an å få ein fin julekveld utan at nissen kjem på besøk akkurat i år berre alle er snille med kvarandre.
– Og viss ventetida siste dagane blir lang, kan ein jo syngja Musevisa og andre kjekke julesongar. Då går tida mykje, mykje fortare, sa Sjefsnissen.

Dagen to heldige vinnarar:

  • Nr. 664 har vunne ein stor rund hekladuk
  • Nr. 297 Bosch drill med leidning frå Bygger’n

Vi gratulerer vinnarane så mykje!

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland