Då er endeleg julaftan her, og vi kan publisera dei to siste vinnarane i Uskedal Skulemusikk sin adventskalendar dette året. Kalendaren hadde i år rekordsalg då det blei selt heile 750. Gevinstlista har overgått alle tidlegare år. Inntektene frå salget er svært, svært viktig for drifta av korpset. Musikarane (bildet) og styret i skulemusikken er svært takksame for dette fantatiske resultatet. Adventskalendaren er blitt eit viktig tradisjonsinnslag i førjulstida. Tusen takk for det!!

Julaftans to heldige vinnarar er:

  • Nr. 613 har vunne helgepass til Festidalen og kan sjå fram til fantastiske opplevingar siste helga i juni.
  • Nr. 697 er den heldige som har vunne dokke med flott garderobe.

Vi gratulerer vinnarane!

Samtidig repeterer vi dei tidlegare vinnartala slik at endå fleire kanskje kan få seg ei kjekk overrasking på julaftan: 645, 243, 714, 545, 105, 628, 155, 284, 358, 693, 283, 655, 237, 520, 601, 316, 643, 196, 264, 712, 317, 182, 372, 193, 424, 733, 20, 439, 619, 44, 205, 250, 716, 747, 579, 725, 573, 626, 445, 157, 168, 294, 40, 153, 664, 297, 613 og 697.
Med så mange tal må vi ta med at vi er utan ansvar for skrivefeil i denne lista. Vi håpar sjølvsagt alt er rett, men skulle det vera avvik, er det talet som plei publisert den aktuelle datoen som gjeld.

Gevinstane må hentast på Auto 88 innan 10.01.2024. Viss nokon har spørsmål kan dei kontakta Kjell Harald Tungesvik tlf.917 89 595.

Uskedal Skulemusikk ønskjer alle ei riktig fin julehelg. Nemner samstundes at julegudstenesta i kyrkja kl.14 vil hjelpa godt på den gode julestemninga. Der bidrar fleire av musikarane i skulemusikken med song og musikk.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kjell Harald Tungesvik