Vi går no inn i den andre adventshelga, og søndag blir det ein flott julekonsert i Uskedal Kyrkje kl.16. Som vanleg er det Uskedal Skulemusikk som innleiar konserten med musikk frå sitt julerepertoar. Den komande veka skal fleire av musikarane i skulemusikken opptre på kulturskulekonsertar. Desse er gratis, og ein framifrå mulighet til å få oppleva julestemning.
I dag er det Emilie som er på bildet som presenterer dagens to vinnarar. Ungdomsskuleeleven som bur på Steinsletto, er blitt ein flink musikar og spelar solokornett i korpset.

Dagen to vinnarar er:

  • Nr. 643 har vunne garasjejekk gjeven av Farge og Interiør/ Lio Sag
  • Nr. 196 er heldig vinnar av strikkagensar str M

Vi gratulerer. Gevinstane kan hentast på Auto 88.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Anne Sofie Feet