Kva er vel eit korps utan tuba? Jo, det er som eit hus utan fundament. Uskedal Skulemusikk står verkeleg på solid grunn. Tubaisten Iver utgjer ein solid botn i korpset. Han bestemte seg tidleg for at dette instrumentet måtte det bli!! Underteikna hugsar at han alt i barnehagealder fall pladask for dette instrumentet. Uskedal Skulemusikk kan jubla for at dei har hatt Iver på dette viktige instrumentet dei seinare åra.

Men nye vinnartal må trekkjast. Dette er dei to heldige vinnarane i dag:

  • Nr. 283 har vunne gåvekort på 300,- på Friheim Gardsmat.
  • Nr.655 har vunne ullpledd frå Alsaker Fjordbruk.

Vi gratulerer, og vinnarane kan ta turen til Auto 88 for å henta gevinstane sine.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland