Dei to blide og aktive trombonistane, Ola og Erle Marie, prydar bildet som følgjer dagens trekking av adventskalendaren. Ola har vore trufast mot trombonen frå han starta på ein liten raud plasttrombone som aspirant. Erle Marie har derimot ei karriere som kornettist der ho spela solokornett i korpset då ho ønskte å gå over til trombone. No utgjer dei to ei viktig og velklingande trombonegruppe i korpset. Begge er aktive innan mange andre aktivitetar, og Ola er storfiskaren i skulemusikken.

Dagens to vinnarar er:

  • Nr. 358 har vunne ei lykt frå Elins Matgleder.
  • Nr. 693 har vunne gåvekort gjeve av Husnes Røyr.

Vi gratulerer vinnarane, og dei kan ta turen til Auto 88 for å henta gevinstane. Hugs: vinnarkalendarane.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland