Aldri har vel den rytmiske musikken hatt større plass i Uskedal Skulemusikk enn i åra rundt 2010. Då var det Hot and Funky! Det starta i vinterferien 2009 då Sindre Aksnes og Vegard Døssland saman med eit par andre kvinnheringar deltok på Hot and Funky-samling med afrikanske musikarar på Askøy. Der var det afrikanske rytmar og speling utan notar med bevegelse til dei friske rytmane frå morgon til kveld. Eg trur det verka mest som eit vekkelsesmøte på alle deltakarane. Dei elska det. Ved tilsvarande samling i Stavanger noko seinare var fleire frå skulemusikken i den spelande og dansande flokken. Alle like begeistra. Det enda med at heile korpset var med til Stord då Langeland Skulekorps fekk dei afrikanske instruktørane dit. Også Rosendal var med. Dei 5 afrikanske instruktørane var utveklingsstudentar ved Toneheim Folkehøgskule i prosjektet Bands Crossing Borders,
Etter dette hadde korpset også fleire av desse friske, rytmiske musikkstykka på eige repertoar.
I same perioden var også Brazzooka aktive. Det bestod av skulemusikantar frå Rosendal, Uskedal og Langeland Skulekorps. Den spede starten skjedde under brassfestivalen på Karmøy i 2007. Etter dette starta nokre av desse ungdommane Brazzooka som etter kort tid voks til 8 medlemmer. Det blei eit ettertrakta band som dei komande åra spela på mange festivalar og andre tilstellingar. Det store forbildet deira var amerikanske Youngblood Brassband. Brazzoka spela over det ganske land med opptredenar m.a. både i Oslo og Trondheim. Opptredenen i Trondheim må ha vore det store høgdepunktet! Då blei dei engasjert til å vera oppvarmingsband for idola og verdsstjenene i Youngblood. Det heile blei toppa ved at Youngblood ønskte eit fellesnummer med dei, og dermed hadde plutseleg ein uskedeling solistinnslag med stjernene frå USA.
Dette innslaget kan de sjå ved å klikka HER.

Populære instruktørar. Uskedelingar i kø for autograf.

Dagens to heldige vinnarar er:

  • Nr. 153 har vunne Regatta redningsvest frå Lerøy Sjøtroll.
  • Nr.40 har vunne grus frå Hardanger Rock.

Vi gratulerer vinnarane som kan henta gevinst og vinnarbevis på Auto 88.

Brazzooka.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto