Vi kan ikkje avslutta mimringa frå livet i Uskedal Skulemusikk første tida i dette tusenåret utan å nemna det som sikkert var det aller største høgdepunktet. Det skjedde siste helga i juni i 2002. Då deltok korpset for første gong i NM for skulekorps. Det skjedde i Oslo. Saman med Rosendal Skulekorps og Herøysund Skulemusikk deltok dei som felleskorps i 3.divisjon.
Rosendal hadde vore flittige NM-deltakarar på 80- og 90-talet og hevda seg svært, svært godt med Kjartan Wang Olsen som dirigent, far til Tor, noverande dirigent i skulemusikken.
I 2002 var det Bjørn Gisle Sæter som dirigerte Rosendal, medan Kjell Skarsfjord var dirigent for dei to andre korpsa. Både Uskedal og Herøysund var med for første gong, til liks med begge dirigentane. Forventningane på førehand må kunna karakteriserast som rekordlave. Målet var å ha det kjekt og å unngå sisteplassen.
Så feil kan ein ta!! Når dei på festkonserten starta resultatlista med sisteplassen, varte det og rakk før Rosendal/Uskedal/Herøysund blei opplesne. Tenk den spenninga!! Det blei ein knallsterk 2. plass og pokal med 94 poeng. Dei blei berre slått med 1 poeng av Brandbu Skolekorps!! Tenk dåke den jubelen!! For ein augneblink!!
Korpset har også seinare delteke i NM saman med Rosendal, men har då hamna midt på treet.
Dessverre hadde vi ikkje foto frå storhendinga, men erstattar det med avfotografering av den heilsida omtalen i Kvinnheringen. Håpar at de klarer lesa den. Det er kjekk mimring!!

Kjempekjekt å lesa!!!

Dagens to heldige vinnarar er:

  • Nr. 168 har vunne gåvekort på heile 1000 kr på Husnes Storsenter, gjeve av Døssland Advokatfirma.
  • Nr. 294 kan glede seg over å ha vunne EU-kontroll + vindusviskarar frå S. Rødsten Bilforretning AS til verdi 1990,-kr.

Vi gratulerer og applauderer!! Vinnarane kan som vanleg ta turen til Auto 88 for henta gevinstbevisa.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Avfotografering av avissida: Inger Naterstad.