I går blei den flotte julegrana i Uskedalen tend. Det var eit strålande arrangement med julemusikk, ei veldig kjekk julemesse i Helgheim, julegrauten var så god at det gjekk tomt, kakene til russen var svært populære og i kyrkja var det song av den yngre garde, og der var fleire skulemusikkmedlemmar i aktivitet.
Børsdalsnissen (bildet) skuffa ikkje i år heller. Ikkje rart den kjekke og snille nissen er populær!
Dette viktige og tradisjonsrike arrangementet, som de kan lesa om i eiga sak, skaper førjulsstemning. Det gjer også skulemusikken sin adventskalendar. No føler vi verkeleg at jula nærmar seg!!

Også i dag er det trekt ut to heldige kalendarvinnarar:

  • Nr. 714 er den heldige vinnar av Skogstadjakke m/meir.
  • Nr. 545 har vunne heimestrikka sokkar + barnebok frå Rosendal Bokhandel.

Vi gratulerer dei to heldige vinnarane. Dei kan ta med kalendarane sine til Auto 88 så vil dei få gevinstane sine!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland