Sidan vi starta å mimra litt i går, held vi like godt fram i dag med eit anna høgdepunkt i skulemusikkhistorien. I 2009 fylte Uskedal Skulemusikk 40 år, og det blei m.a. markert med tur til København. Det blei 5 uforgløymelege dagar både for musikarane og foreldra som var med. Programmet var innhaldsrikt, og nokre postar kunne ein velja. På turen spela korpset to konsertar, og særleg konserten på Strøget var vellukka. Her strøymde mykje folk til i løpet av den 40 minutt lange konserten, til og med uskedelingar som er busett i nabolandet.
Elles var det sightseeing med guide, kanaltur, sjølvsagt ein dag i tivoli, bowling og shopping, mange var på tur i Nyhavn, bordtennisturneringar, og ikkje minst var det fotballkamp mellom leiarane og musikarane.
Korpset møtte også Furnes Skulekorps og hadde felleskonsert med dei.
Turleiar var Janne Yri og ho fekk god hjelp av mannen sin og andre. Dirigent var Anders Christensen.

Konsert saman med Furnes Skulekorps.

Dagens to vinnarar er:

  • Nr. 573 har vunne ein flott strikkagensar, str. L/XL
  • Nr. 626 har vunne EU-kontroll hos Dimmelsvik Bil AS, verdi 1290,-kr.

Vi gratulerer dei heldige som kan henta gevinstane/gevinstbevis hos Auto 88.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland